Kristin Clemet og Mogens Lykketoft held dei første innlegga på oppstartkonferansen til REASSESS. Deretter set prominente forskarar den nordiske velferdsmodellen under lupen i to heile dagar i Oslo.
Den nordiske velferdsmodellen lever i beste velgåande til tross for mange dystre spådomar. Vi veit likevel lite om korleis det vil gå i framtida. Vil den nordiske velferdsmodellen vere i stand til å fornye seg under skiftande eksterne forhold? For å skaffe meir kunnskap om dette har NordForsk finansiert eit nytt Nordic Centre of Excellence in Welfare Research.
Gjennom senteret: Reassessing the Nordic Welfare Model vil nokre av dei fremste samfunnsforskarane i Norden sjå nærare på utfordringane dei nordiske velferdsstatane står ovarfor: eldrebølgja, pensjonsreformar, globalisering og konkurranseforhold, eit multikuturelt samfunn, inkludering i arbeidsmarknaden, fattigdomsproblematikk.
Senteret arrangerer sin kick-off-konferanse 24.-25. oktober i Oslo. Her blir dei nordiske velferdsstatane sett under lupen, og Kristin Clemet (Civita) og Mogens Lykketoft (Folketingsmedlem, Danmark) åpnar konferansen.
Professor Ann Shola Orloff (Northwestern Univ.) er invitert frå USA. Den kjende velferds- og kjønnsforskaren vil diskutere forskjellane mellom USA og Skandinavia når det gjeld kjønn, deltaking i arbeidslivet og sosialpolitikk.
Blant dei andre innleiarane finn vi Jørgen Goul Andersen, professor ved Aalborg universitet, Gunhild Hagestad, professor ved Agder universitet og NOVA, Veli-Matti Ritakallio, professor ved Universitetet i Turku, Finland, og Eskil Wadensjö, professor ved Univ. i Stockholm.
Konferansen samlar over 100 deltakarar frå organisasjonar samt forskarar og beslutningstakarar.
Sted: Høgskolen i Oslo, Pilestredet 35
Dato: 24.-25. oktober
Bjørn Hvinden, leiar for Reassess: 22 54 12 00 / 95 99 28 70
For meir informasjon, kontakt Halvard Dyb, informasjonsleiar (tlf: 22 54 12 10 / 48 26 06 56), eller Nina Eriksen, informasjonsrådgjevar (22 54 12 12), NOVA.
Senteret har ei eiga nettside: http://www.reassess.no
Tips en venn