NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English





















 

   RSS-feed RSS



Ill.photo: Children (c) Morguefile
Barnefattigdom: Rapport frå april-konferansen


03.12.2007
Skrevet av: Nina Eriksen

NOVA har no publisert eit hefte som summerer opp kva som skjedde på den nordiske konferansen om barnefattigdom som fann stad i april 2007.

Heftet er gratis og kan tingast frå Sosial- og helsedirektoratet. Du kan òg laste ned pdf-versjonen gratis.

Barne- og likestilllingsdepartementet, Nordisk Ministerråd og Sosial- og helsedirektoratet skipa til konferansen Velferdens paradoks. Nordisk konferanse om barnefattigdom 18.-19. april 2007 i Oslo. NOVA og Fafo fekk i oppdrag å vere faglege tilskiparar.

Med konferansen ønskte tilskiparane å spreie kunnskap om den nordiske barnefattigdomen, årsakar og konsekvensar. Dessutan skulle konferansen gjere teneste som eit forum der dei nordiske landa kunne utveksle røynsler om spesielle utfordringar og tiltak. Deltakarane var beslutningstakarar frå dei nordiske landa, sentrale forskarar på feltet, frivillige organisasjonar og brukargrupper.

Heftet gjev ei samla oppsummering av konferanseinnlegga.

For meir informasjon, kontakt Mira Aaboen Sletten: mira.sletten@nova.no


Vedlegg Konferanserapport: Velferdens paradoks (pdf)






Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Internasjonal boligforskningskonferanse
Internasjonal familieforskningskonferanse
Vis flere




© NOVA 2012

Produsert av 07 Web