NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English





















 

   RSS-feed RSS



Foto: Marie Louise Seeberg (c) NOVA
God vilje er ikkje nok for å hindre diskriminering


19.12.2007

«Obiora» og «Sofienbergparken» er stikkord for to tragiske saker som vil bli huska frå det året vi er i ferd med å leggje bak oss. Debatten har diverre i stor grad stoppa opp ved spørsmålet om feila som politi og ambulansepersonell gjorde, var rasistisk motiverte. Det er skuffande at ordskiftet ikkje har vore meir nyansert. Dette skriv Marie Louise Seeberg i ein kommentar i info-NOVA nr. 4, 2007.

Konsekvensane tel
Når diskriminering og rasisme står på saklista, blir det viktig å reflektere over forholdet mellom hensikt og verknad. Norsk lovverk, handlingsplanen mot rasisme og diskriminering og FNs rasediskrimineringskonvensjon understrekar at verknad er minst like viktig som hensikt. Dette er reiskap som kan hjelpe oss med å vurdere slike hendingar på ein meir avansert måte enn sandkassa sitt «jo-ho!» og «næ­-hei!»

Diskriminering ofte ikkje medviten
Det er sannsynlegvis sjeldan at det er medviten og vilja rasisme som ligg bak når menneske med meir enn gjennomsnittleg pigment i huda blir skadelidne. Det er ikkje lett å unngå å støyte andre, det er ikkje lett å føresjå kva for moglege tolkingsrammer eins eigne handlingar og utsegn kan setjast inn i, eller kva konsekvensar dei kan få i ulike samanhengar. Alle trår feil. Likevel er det slik at ein har eit ansvar for å prøve å setje seg inn i slike rammer og samanhengar. Trår vi feil gong på gong, held det ikkje å seie at det ikkje var meininga å skade nokon. Det er ikkje ein gang nok å be om orsaking, sjølv om det hjelper. For den som gjentekne gonger blir utsett for diskriminerande praksisar, blir eventuelle gode intensjonar hjå utøvarane stadig mindre interessante. At verknaden av handlingar skal vurderast som det viktigaste kan kanskje synast urettferdig, som om eins gode intensjonar ikkje var noko verd. Slik er det ikkje. Gode intensjonar er viktige, men ikkje tilstrekkelege. Vegen til helvete er brulagd med gode intensjonar.

Frå god vilje til gode praksisar
Omgrep som rasisme og diskriminering kan vere viktige reiskapar i arbeidet for eit rettferdig og velfungerande samfunn. Likevel er det ein fare for at eit einsidig fokus på desse omgrepa også kan verke negativt, fordi dei isolert sett definerer negative prosessar, utan å bere i seg nokon forslag om positiv endring. For å vere konstruktive kan vi ikkje berre sjå på det som er galt, sjølv om det òg er viktig. Vi treng ein konstruktiv debatt som munnar ut i konkrete forslag til endring av dei systema og praksisane som ikkje fungerer etter den gode hensikta. Slike forslag må basere seg på ein aktiv bruk av lovverket, på konkrete undersøkingar og på ein open, kritisk diskusjon av våre velferdstenester og korleis dei fungerer. Kva som utgjer ein god praksis veit vi først når vi har arbeidd oss fram til ein innsikt i den samanhengen vi handlar innanfor. Noko av det vanskelegaste ved dette arbeidet er å trene seg opp til å sjå ut over sin eigen vante horisont, både ved å setje seg inn i posisjonar, erfaringar og perspektiv som andre menneske har, og ved å forsøkje å sjå heilskapen i situasjonen og dei større samanhengane han inngår i.

Les heile info-NOVA nr. 4, 2007 (pdf)

Marie Louise Seeberg er forskar II ved NOVA







Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Internasjonal boligforskningskonferanse
Internasjonal familieforskningskonferanse
Vis flere




© NOVA 2012

Produsert av 07 Web