NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English





















 

   RSS-feed RSS



NYRIS-logo: Girl
Vellukka NYRIS-konferanse


20.06.2008
Skrevet av: Nina Eriksen

Den årlege Nordic Youth Research Conference gjekk av stabelen 13.-15. juni med NOVA som tilskipar. Det var tre fine dagar med mykje spanande forsking og 140 deltakarar frå heile verda, fortel Anders Bakken, ein av organisatorane av konferansen.


Bonds and Communities. Young people and their social ties var tittelen på konferansen, som var den 10. årlege NYRIS-konferansen i rekkja.

Sosiale band og sosiale nettverk er viktige for unge menneske - for deira velferd, utvikling og framtidige vegval. I barndomen representerer foreldra og den nære familie dei viktigaste sosiale banda og ressursane. Ettersom barna veks ut av barndomen og inn i dei identitetsformande åra, blir venenettverk meir og meir viktig. Samstundes eksisterer familiebanda, venskapen og dei andre relasjonane i lokale så vel som globale omgjvnader.

Målet med konferansen var å setje søkjelyset på dei sosiale banda til unge menneske: frå dei tettaste dyadar til dei mest langtrekkande globale, frå dei styrkjande til dei øydeleggjande.

Av dei 140 deltakarane kom 1/3 frå Noreg, ein tredjedel frå resten av Norden og den siste tredjedelen frå resten av verda.

Hovudførelesarane
Dei inviterte hovudførelesarane på konferansen var James Côté, University of Western Ontario, Canada; Janet Holland, South Bank University, UK; Katrine Fangen, University of Oslo, Norway, og Les Back, Goldsmith College, University of London, UK.

Du kan lese korte samandrag av føredraga på nettsidene til konferansen.

NYRIS10: Anders Bakken
Anders Bakken

  

NYRIS 10: Panel
Gestur Gudmundsson, James Côté & Janet Holland

 

 

 

 Les meir om ungdomsforskinga ved NOVA







Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Internasjonal boligforskningskonferanse
Vis flere




© NOVA 2012

Produsert av 07 Web