Ein ny rapport frå NOVA syner at skilte fedrar med samværsrett til barna har ganske omfattande økonomiske problem.
25 prosent av fedrane i utvalet fortel at dei ofte har problem med laupande utgifter, medan nye 25 prosent seier at dei har slike problem av og til. Dette er vesentleg høgre enn det ein finn hos befolkninga elles - bortsett frå for einslege forsørgjarar, altså foreldre med dagleg omsorg. Einslege forsørgjarar har òg eit høgre forbruk av sosialhjelp, sjølv om så mange som ti prosent av samværsfedrane i utvalet har fått sosialhjelp siste år. Risikoen for å ha ein sårbar økonomi er større for fedrar med låg inntekt, for dei yngre fedrane, for dei som ikkje arbeider full tid, for dei som lever aleine, og der brotet med mora skjedde for relativt kort tid sidan.
Rapporten, som er skriven av Anne Skevik og Christer Hyggen, er første formidling av resultata frå undersøkinga "Samværsfedrenes situasjon: økonomiske og normative problemstillinger" som Barne- og familiedepartementet finansierer. Undersøkinga dekkjer tre hovudtema: samvær med barna, bidragsbetaling og haldningar til bidrag og levekår.
For meir informasjon, ta kontakt med Anne Skevik: e-post: anne.skevik@nova.no.
Les meir om rapporten her
Tips en venn