Forskar Mona Sandbæk har laga ei utgreiing om kunnskap om barn og unge og deira levekår i Noreg. Utgreiinga avslører at kunnskapsgrunnlaget i dag er prega av mangel på heilskap, mangel på kontinuitet og stor mangel på viten om korleis barn og unge sjølv tenkjer.
Levekårsundersøkingar om barn vil rette søkjeljoset mot den moderne barndomen sett med barn og unges auge. Sosial ulikskap og korleis dette artar seg blant barn og unge, både i tradisjonelle og meir moderne former, er særs viktig å sjå nærare på. Levekårsundersøkingar er òg verdfulle som referanserammer for å vurdere effekten av hjelpetiltak og einskilde undersøkingar, seier Sandbæk.
Meir om rapporten
Barn og unges levekår blir tolka på svært ulikt vis. I det fyrste kapitlet kjem forfattaren inn på samfunnsendringar som verkar inn på levekåra til barn og unge.
- Er det slik at barn og unge no har ein betre kvardag materielt sett, men at dei opplever større psykiske påkjenningar og utfordringar?
- Kor dramatisk er auken i talet på skilsmisser for barna og dei unge?
- Tar barnehagar og skular over familiens funksjonar, eller blir det skapt nye oppgåver for foreldra?
Dette er berre nokre av dei viktige spørsmåla som rapporten tek opp. Forfattaren har òg samla nyttig og oppdatert kunnskap om barn og unge i grunnskulealder når det gjeld: Familieforhold, barnehagar og skule, helse, og sosiale problem.
Visste du at?
- nærare 80 % av barna under 18 år bur i lag med sine biologiske foreldre
- 64 % av desse bur saman med foreldre som er gifte, 13 % med sambuande foreldre
- 80 % av barn under 18 år bur berre i lag med heilsøsken
- sjølv om dei fleste barna i dei nordiske landa har god fysisk og psykisk og helse, så er det klare sosiale skilnader
Samanfattinga er nyttig både som oppslagsverk og som kjelde til kva ein kan finne av litteratur på feltet
Les mer om rapporten her
Tips en venn