NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English





















 

   RSS-feed RSS



R 13/99
Menn vert meir overvektige



Dette er eit av funna i ein ny rapport frå forskingsinstituttet NOVA, der Jon Ivar Elstad har studert kjønnsforskjellane i helse i Noreg dei siste tretti åra.

Kjønnsforskjellane i helse i befolkninga er vortne kalla eit paradoks: Sjølv om dødstala for menn er større enn for kvinner, har kvinner fleire helseplager enn menn, også når vi ser bort frå sjukdom knytt til graviditet og fødsel. - Har det "moderne likestillingsprosjektet" ført til at skilnadene mellom kvinner og menn si helse er vortne mindre? Rapporten undersøkjer om det har skjedd endringar i desse kjønnsforskjellane sidan 1970.

Funn:
Helsetilstanden til befolkninga har endra seg på fleire måtar. Dødstala har minka, levealderen auka. Talet på sjølvrapporterte helseplager har stort sett halde seg stabilt, men befolkninga rapporterer om fleire sjukdomar no enn i tida rundt 1970, og overvekt er vorte meir vanleg.

Skilnadene i helse mellom kjønna er likevel ikkje markant endra i dei siste tretti åra, med nokre unntak. Menn gjer oftare sjølvmord enn kvinner, og denne kjønnsforskjellen er vorten større når ein ser perioden 1970-1995 under eitt. For lungekreft og ulykker er det derimot mindre kjønnsforskjellar i dødstala enn det var rundt 1970. Kvinner melder òg om fleire sjukdomar enn menn, samanlikna med 1970-åra, medan hyppigheita av overvekt har auka meir for menn enn for kvinner. Elstad drøftar ulike forklaringar på ovannemnde tendensar. Auka sjukdomsrapportering kan til dømes ikkje berre tolkast som følgje av faktisk sjukdom, men som eit resultat av sosiale og kulturelle endringar i perioden, knytte til helseåtferda i befolkninga og helsevesenet sin kapasitet.

Helseundersøkingane og andre data frå Statistisk sentralbyrå er hovudkjelder. Stiftelsen Helse og Rehabilitering har finansiert prosjektet via Norske Kvinners Sanitetsforening.

Les mer om rapporten her







Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Internasjonal boligforskningskonferanse
Internasjonal familieforskningskonferanse
Vis flere




© NOVA 2012

Produsert av 07 Web