Dette vert slege fast i ein fersk rapport frå NOVA. Det er forskarane
Morten Blekesaune og
Einar Øverbye som har samanlikna materielle levekår og sosial tilknyting hjå uførepensjonistar og andre grupper i yrkesaktiv alder. Dei har òg samanlikna dei same personane før og etter dei vart uførepensjonerte.
I rapporten går det fram at uførepensjonistane har dårlegare levekår på dei fleste område. I nokre høve kan dette forklarast med at uførepensjonistane har høgare alder og dårlegare helse, i nokre høve òg med at dei har lågare inntekt. Men ein del forskjellar kan ikkje forklarast med slike faktorar.
Uførepensjonistar er lite med i fritidsaktivitetar utanfor hushaldet. Dei som bur åleine har spesielt høg risiko for sosial isolasjon. Overgang til uføretrygding og oppløysing av parforhold er noko som ofte skjer samstundes.
Studien er tufta på fem levekårsundersøkingar frå Statistisk sentralbyrå frå perioden 1983-1995. Sosial- og helsedepartementet har finansiert prosjektet.
Les mer om rapporten her
Tips en venn