Dei siste åra har det vore stor interesse i Kina for dei nordiske velferdsstatane, og det er no gjeve ut ei bok på kinesisk som gjev ein brei analyse av dette temaet av 22 nordiske forskarar, mellom anna to NOVA-forskarar.
Boka gjev ei framstilling av den historiske bakgrunnen for den nordiske modellen. Ho redegjør for velferdspolitikken i dag og for dei utfordringane denne politikken står overfor.
Anne Skevik Grødem og Aksel Hatland på NOVA har ytt tilskot med kapitlet om korleis politikken for å kombinere arbeidsliv og familieliv er utforma i Norden.
Boka er redigert av professorane Stein Kuhnle (Bergen), Klaus Petersen (Odense), Pauli Kettunen (Helsingfors) og Chen Yinzhang (Fudan), og Gro Harlem Brundtland har skrive eit forord.
Boka er gjeve ut på kinesisk med tittelen The Nordic Welfare State. Fudan University Press 2010.
Kontakt Aksel Hatland for meir informasjon
Les også meir om NFRs satsing på Kina og velferdsforsking
Tips en venn