NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English




























 

   RSS-feed RSS



NOVA Rapport 4/2000

NOVA Rapport 4/00


Unemployment in a Segmented Labour Market?
A Study of Youth Unemployment in Norway

Forfattere:

Torild Hammer

Trine Stavik


Temaet for denne rapporten er gjentekne arbeidsløyseperiodar blant ungdom. Studien er tufta på ei spørjeundersøking med svar frå eit representativt utval på 2000 norske ungdomar i alderen 18-24 år. Kriteriet for å vere med i undersøkinga var at dei hadde vore registrerte som arbeidslause i tre månader eller meir våren 1995 og søkte arbeid på heiltid. Nokre av hovudfunna i undersøkinga følgjer her:

· Mennene i alderen 21-24 år hadde vore arbeidsledige fleire gonger enn kvinnene i same aldersgruppe, medan kvinnene på si side hadde vore ledige i lengre periodar.
· Mange arbeidsløyseperiodar var vanlegare blant ungdom på landsbygda enn blant dei som budde i storbyane.
· Blant dei eldste unge mennene var det ein klar samanheng mellom talet på arbeidsløyseperiodar og sosial bakgrunn - dess høgare utdanning far hadde, dess mindre var sannsynet for å ha vore arbeidsledig mange gonger.
· Dei som sist jobba som ufaglært arbeidskraft innafor tenesteyting, primærnæring og industri, og sal/detaljhandel, var mest utsette for mange arbeidsløyseperiodar når det vart teke omsyn til individuelle faktorar som kjønn, alder, utdanningsnivå, bustad, helse etc.

Det var ein klar tendens til at dei som hadde vore arbeidslause i mange periodar rapporterte om dårlegare helse enn dei med få slike periodar. Men dei med mange arbeidsløyseperiodar hadde ikkje lågare arbeidsmotivasjon enn dei med færre slike periodar. Dette kan tyde på at det ikkje berre er snakk om ’friviljug’ arbeidsløyse. Dess fleire gonger mennene hadde vore arbeidslause, dess større var risikoen for at dei òg var arbeidslause 6-12 månader etter at dei vart valde ut til å vere med i undersøkinga. Dette gjaldt uavhengig av kor lenge dei hadde vore arbeidslause totalt.


Les rapportens sammendrag her



Last ned rapporten gratis:

Vedlegg NOVA Rapport 4/00


Bestill publikasjonen, pris: 150,00

 stk. Legg i handlekurv



Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Internasjonal boligforskningskonferanse
Vis flere




© NOVA 2012

Produsert av 07 Web