NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English





















 

   RSS-feed RSS



NOVA Rapport 14/04
Mentorsamarbeid gjev betre prosjekt


11.11.2004
Skrevet av: Nina Eriksen

NOVA-forskar Anita Sundnes har evaluert utbytet lokale prosjekt har av å nytte ein ekstern mentor i verdi- og haldningsarbeidet sitt. Ho finn at mentorordninga har god effekt på prosjekta, at mentor sin deltaking og interesse motiverer prosjektdelakarane, men at mentorrolla krev ei tydeligare definisjon. Det er verdiprosjektet "Skal-skal ikke" som organiserer mentorordninga, og Sundnes har sett på tre skular der ordninga vart nytta.

Hovud konklusjonen av evalueringa er at mentorordninga medverkar til framdrift i verdiprosjekta til skulane på fleire plan. I ein hektisk skulekvardag kan det vere vanskeleg å finne tid og ressursar til verdiarbeid, og difor har det stor nytteverdi at oppfølginga til ein mentor forpliktar skulene til å oppretthalde innsatsen. Den interesse og ros som mentor gjev, medverkar dessutan til ekstra motivasjon, og ein spørjande haldning frå mentor sin side gjev deltakarane rom til å reflektere over prioriteringane i prosjektet.

Erfaringane tyder på at ordninga vil tene på å konkretisere dei oppgåvene og funksjonane som mentor skal ha i det enkelte prosjekt. Dette kan vere med på å nytte ressursane betre, både tidsressursane og dei faglege ressursane som mentor yter.

Om prosjektet
"Skal-skal ikke" er eit treårig verdiprosjekt som har som mål å motivere og lære opp barnehagar og skular i konkret verdi- og haldningsarbeid med barn og unge. Prosjektet er i regi av Kristent Pedagogisk Forbund og starta opp i august 2002. "Skal-skal ikke" ønskjer å leggje til rette for at deltakarane sjølve utviklar og gjennomførar egne prosjekt. Hovudverkemidlet er å gje kvar deltakar tilgang til ein ekstern fagperson som skal følgje og støtte dei gjennom dei tre åra prosjektet varar.

Kontakt Anita Sundnes for mer informasjon: tlf. 22 54 12 00

NOVA Rapport 14/04
Et prosjekt som protesjé
Evaluering av mentorordningen i verdiprosjektet "Skal - Skal ikke"
Anita Sundnes







Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Internasjonal boligforskningskonferanse
Internasjonal familieforskningskonferanse
Vis flere




© NOVA 2012

Produsert av 07 Web