Klassikaren "Sveket. Omsorgssvikt er alles ansvar" frå 1991 er no kome i 3. reviderte utgåve. Sveket er ei teoretisk og praktisk grunnbok skrive for alle som i sitt arbeid møter barn som er utsette for omsorgssvikt. Denne tredje utgåva er fagleg revidert og oppdatert, integrerer nyare forsking og inneheld meir stoff om tilknyting og konsekvensar av omsorgssvikt.
Nokre foreldre utset barnet sit for psykiske og/eller fysiske overgrep og forsømmer det så alvorleg at den psykiske eller fysiske helsa til barnet er i fare. Eller dei utset barnet for seksuelle overgrep. Eller barnet er i fare på grunn av at foreldra har alvorlege psykiske lidingar, er utviklingshemma eller misbrukar rusmiddel.
I Sveket formidlar Kari Killén eineståande innsikt og forståing som gjev grunnlag for handling og samarbeid på tvers av etatar og sektorar når ein skal hjelpe desse barna og foreldra deira. Ho syner at barn som lever under omsorgssvikt kan få ei positiv utvikling om dei berre oppnår god kontakt med ein vaksen. Gjennom heile boka gjev Killén praktiske eksempel for å kaste ljos over det teoretiske stoffet, og understrekar igjen og igjen kor viktig det er med tverrfagleg samarbeid.
Dr. philos. Kari Killén tok doktorgrad i 1988 med avhandlinga Omsorgssvikt og barnemishandling. Ho er utdanna sosionom med vidareutdanning i barne- og ungdomspsykiatrisk behandling i USA og England. Killén underviser, rettleiar og gjev konsultasjonar både i Noreg og internasjonalt. Ho har arbeidd i barne- og ungdomspsykiatrien og vaksenpsykiatrien, og ho har skrive sju lærebøker. I dag er ho forskar I med professorkompetanse ved NOVA.
Kommuneforlaget gjev ut boka.
Tips en venn