NOVA startside
NOVA startside  
Om NOVANyheterForskningPublikasjonarProsjektAnsatte English





















 

   RSS-feed RSS



Lingsom
Funksjonshemma i vaksen alder


10.12.2004
Skrevet av: Nina Eriksen

Susan Lingsom har skrive ei sjølvbiografisk forteljing om å bli funksjonshemma i vaksen alder. Boka handlar om trongen forteljaren har til å finne ut kven og kva ho er blitt etter ei alvorleg ulukke - å bli synleg igjen for seg sjølv og andre.

I Detour Ahead eller "Omkøyring" som boka kanskje kunne heite på norsk, får lesaren følgje med på rehabiliterings- og reorienteringsprosessar forfattaren gjekk igjennom etter ulukka. Eit nytt kart må teiknast for dagleglivet med endra føresetnader, nye planar må skapast for framtida. Boka er skrive i litterær form, og skiftar frå sosial realisme til fantasy og drømmebilde. Tonen er lett, og humor er på plass i alvoret.

Som delvis ufør har NOVA-forskaren og sosiologen Susan Lingsom rikeleg med tid til å reflektere over tema som kropp og identitet, sosial interaksjon og integrasjon, tid og biografi. Ho har også rikeleg med tid til å byrje utviklinga av ei visuell stemme. Fargerike bilete supplerer og utdjupar orda hennar i formidling av minner og kjensler. Lagnaden blir omforma til erfaringar som andre kan ta del i. Lesaren får følgje med på den pågåande nyteikninga av både kart og terreng. Forteljinga hentar fram episodar frå barndomen, ungdomstida og det vaksne livet i søken etter kjelder til kontinuitet som ho kan byggje vidare på. Historia flyt fram og tilbake i tid, mellom livsfasar der kroppen ikkje var skada og ulike fasar i åra som har gått sidan ulukka. Ho legg vekt på rehabiliteringserfaringar som har vore særleg vellukka, med biografiske hint om kvifor dei passa bra.

Boka er skrive på engelsk.

Susan Prescott Lingsom:
Detour Ahead
A Personal Account of the Long Road Home
Nova Scotia, Canada: Glen Margaret Publishing
128 sider. Illustrert. Kr 150,-

Du kan bestille boken ved å sende en e-post til publikasjoner@nova.no
eller ved å bestille på nettet fra forlagets hjemmeside: www.glenmargaret.com







Emnesøk

Søk i fritekst:



Kalender
Internasjonal boligforskningskonferanse
Internasjonal familieforskningskonferanse
Vis flere




© NOVA 2012

Produsert av 07 Web