Innføringa av AFP-ordninga har ført til ei auke i uførepensjonering mellom kvinner, skriv Morten Blekesaune i Tidsskrift for velferdsforskning nr. 3. Ein av tankane med innføringa var at talet på uførepensjoneringar skulle gå ned, men dette har ikkje skjedd.
Blekesaune har teke føre seg åra 1987-1999 og samanlikna samanhengar mellom innføringa av AFP-ordninga og endringar i pensjoneringsalder for AFP og uførepensjonering. Analysane tyder på at innføringa ikkje har vore viktig for uførepensjoneringa mellom menn, det er berre kvinnene som er råka. Hovudårsaka kan vere at ordninga har gjort det meir vanleg å gå av tidlegare, og dermed er det også blitt lettare å gå av med andre typar pensjonsordningar som uførepensjon. Kjønnsskilnadene kan kome av at uførepensjon kan vere mindre sosialt stigmatiserande for kvinner enn for menn.
Kilde: Velferdsforskning, Norges forskningsråd
Blekesaune, M. (2005). Hvordan påvirker AFP uførepensjoneringen? Tidsskrift for Velferdsforskning, 8(3)
Tips en venn