Kommunal- og regionaldepartementet har løyvt midlar til ei forskarstilling ved NOVA om "Eldre innvandrarar - tilpassing av pleie og omsorgstilbodet". Målet med stillinga er mellom anna å utarbeide ein kunnskapsstatus og utvikle kompetansen og forskinga på området.
Stillinga skal særleg vere retta mot forsking om eldre med ikkje-vestleg bakgrunn, brukarane sine preferansar og kva valfridom (brukarval) har å seie for dei. Departementet ønskjer å styrkje kunnskaps- og avgjerdsgrunnlaget for politikkutforminga på området. Forskar
Reidun Ingebretsen har takka ja til å gå inn i stillinga og peiker på at det er viktig med eit langsiktig arbeid på dette feltet.
Ingebretsen har tidlegare framheva at det er naudsynt med vidare forsking og utviklingsarbeid med omsyn til eldre med minoritetsetnisk bakgrunn, mellom anna i NOVA-rapport 9/05. Ho understrekar at dette er eit sentralt og utfordrande område å arbeide vidare med. Det blir etter kvart fleire eldre med minoritetsetnisk bakgrunn i Noreg, og det er viktig å skape eit kunnskapsgrunnlag for å kunne møte deira behov, slår ho fast.
Måla for forskarstillinga er:
- å utarbeide ein kunnskapsstatus for situasjonen på området i Skandinavia og Noreg spesielt, med identifisering av kunnskapshol og problemstillingar som treng nærare utforsking
- å utvikle kompetansen på området med sikte på forsking og evaluering av tenester og tilbod til eldre innvandrarar
- å støtte departement med rådgjeving og utgreiingar og så langt som mogleg å formidle informasjon også til lokale aktørar og ålmenta
- å utvikle faglege nettverk og alliansar med fagfellar internasjonalt og med aktuelle aktørar nasjonalt, inklusiv innvandrarane sine eigne organisasjonar
Tips en venn