Frå 1992 til 2002 har ungdom blitt mindre einsame. Endringane er størst mellom gutar. Samstundes har venemønsteret endra seg: lausare venenettverk tek meir og meir over. Det er færre som har ein besteven, og fleire som har mange nære venar i 2002. Truleg førar lausare, meir gjengbaserte veneforhold til at fleire blir inkluderte. Mobiltelefoni og nettprat kan vere årsak til utviklinga.
Det er analyser av data frå NOVA-undersøkinga Ung i Noreg 1992 og 2002 som syner at venemønsteret mellom ungdom har endra seg relativt mykje for å vere over såpass kort tid. Kristinn Hegna presenterer no resultata i ein ny rapport: "Likestillingsprosjektets" barn.
Færre gutar har besteven
Hovudbiletet i undersøkinga er at dei aller fleste unge har vener dei ofte er saman med: omlag 60 prosent hadde fleire svært gode vener, og 34 prosent av gutane hadde ein spesiell besteven i 1992 medan 3 prosent hadde ingen. I 2002 er tala noko endra: berre 24 prosent av gutane seier dei har ein besteven, og heile 11 prosent har ingen besteven. Samstundes ser vi at talet på gutar som er med i ein gjeng som held saman, har auka frå 26 til 30 prosent på dei ti åra.
Kjenner seg mindre einsame
Ein skulle tru at utviklinga mot lausare venskapsband og meir tilfeldige venerelasjonar, særleg hos gutane, ville få følgjer for graden av einsemd i ungdomsmiljøa, seier Kristinn Hegna. Men talet på dei som opplever ein sterk kjensle av einsemd, har gått noko ned frå 1992 (11 prosent av gutane og 15 prosent av jentene) til 2002 (9 og 12 prosent). Når ungdomane er sorterte etter kva venemønster dei har, ser vi òg ein markant nedgang i enkelte grupper. Mellom dei som seier at dei ikkje har nokon dei raknar som sin besteven, er talet på einsame halvert mellom gutar og minska med meir enn ein tredel mellom jentene. Sjølv om gruppa med gutar utan besteven har auka, understrekar Hegna, tyder det ikkje på at denne gruppa kjenner seg meir einsame.
Mobiltelefon og internett
Kva har skjedd på disse ti åra som kan ha påverka venemønstret mellom ungdom så tydeleg? Svaret kan vere så enkelt som mobiltelefonen. Mobiltelefonbruk har gått frå 0 til nesten 100 prosent i løpet av tiåret. Gutane sine sosiale band var truleg meir tilfeldig enn jentene sine i 1992 og oftare basert på ein eller to vener, men mobiltelefon og internett, spesielt sms, nettprat og diskusjonsgrupper, har truleg ytt tilskot til å utvide det sosiale nettverket deira til å likne meir på det jentene har.
Betre sjølvbilete
Både gutane og jentene er meir nøgde med sine sosiale evner og evner til å få vener i 2002 enn i 1992. Denne utviklinga mot utvida og lausare måtar å vere med vener på ser ut til å fungere positivt og gjev kanskje ungdomane eit betre sosialt sjølvbilete enn tidlegare, framhevar Hegna. Kanskje dette også har ytt tilskot til å redusere kjensla av einsemd.
Resultata er utdrag frå rapporten "Likestillingsprosjektets" barn. Endringer i kjønnsforskjeller blant ungdom fra 1992 til 2002 som dekkjer eit breitt spekter av tema knytte til endringar i kjønnsskilnader i tiårsperioden, mellom anna skulegang, rusmiddelbruk, mental helse og seksualitet. Undersøkinga er finansiert av Noregs forskingsråd.
NOVA Rapport 21/05
"Likestillingsprosjektets" barn.
Endringer i kjønnsforskjeller blant ungdom fra 1992 til 2002.
Kristinn Hegna
Tips en venn