Barn med foreldre som ikkje bur saman, gjer det dårlegare på skulen enn andre. Unnataket er barna som bur like mykje hos kvar av foreldra - skuleprestasjonane til desse elevane ligg på nivå med det barn med sambuande foreldre oppnår. Dette kjem fram i ein ny rapport frå Trude Nergård.
Rapporten er i hovudsak ein litteraturstudie som søkjer å svare på kva årsaka til skilnadene i skuleprestasjonar skyldast. Forfattaren har sett på både internasjonal og norsk litteratur på feltet. Resultata frå dei norske studiane syner at skilnadene i skuleprestasjonar mellom barn av sær- og sambuande foreldre er små, men konsistente.
I tillegg til litteraturoversikta presenterer Nergård ein heilt fersk analyse av intervjumateriale frå Ung i Noreg 2002-undersøkinga. Det mest oppsiktsvekkjande funnet er at elevar som bur like mykje hos kvar av foreldra, kjem så godt ut. Det finst relativt lite kunnskap om denne gruppa; dei er knapt nemnde i dei utanlandske undersøkingane, truleg fordi buforma er ganske ny. Delt bustad er ei krevjande løysing både for foreldra og for barna, og ofte er det ressurssterke foreldre som vel ho. Det kan vere ei forklaring på resultata over, påpeikar Nergård.
Det er òg eit interessant funn at elevar som bur saman med mor eller far og deira nye ektefelle eller sambuar, gjer det dårlegare på skulen enn dei andre gruppene, også barn som berre bur saman med mor eller far.
Det er ulike forklaringar på kvifor skuleprestasjonar for barn av sær- og sambuande foreldre varierer. Rapporten viser at tre ulike teoriar alle har verdi:
- Teorien om foreldrefråvere syner at dei praktiske og psykologiske konsekvensane av å miste den daglege kontakten med ein av foreldra fører til dårlegare skuleprestasjonar.
- Teorien om økonomisk deprivasjon påpeiker at skilnadene skyldast at einslege og skilde foreldre som oftast har større økonomiske problem enn toforeldrehushald. Så godt som alle studiar syner at skilnadene i skuleprestasjonar minskar når ein kontrollerer for barna sin sosialøkonomiske bakgrunn.
- I følgje den tredje teorien er det grad av konflikt mellom foreldra før og etter at dei skiljar lag, som har noko å seie for skoleresultata til barna.
Rapporten er skriven på oppdråg frå Utdannings og forskingsdepartementet.
Kontaktperson: Trude Nergård: tlf. 22 54 12 00.
NOVA Rapport 18/05
Skoleprestasjoner til barn med særboende foreldre.
En litteraturgjennomgang.
Trude B. Nergård
Tips en venn