NOVA sitt styre vil be Magnus Rindal om å halde fram i stillinga som direktør ved NOVA.
Eit samla styre ved NOVA vedtok torsdag 8. desember å tilsetje Magnus Rindal som direktør ved NOVA for ein ny periode på seks år. Stillinga vart lyst ut i haust, og Rindal var ein av søkarane. Rindal har vore tilsett i åremålstillinga dei siste seks åra, og vedtektene gjer det mogleg å vere direktør i to omgongar.
- Eg gler meg til å ta fatt på ein ny periode som direktør ved NOVA, uttalar Rindal til NOVA-nett.
Vi gratulerer Magnus Rindal med jobben og ønskjer han lykke til.
Tips en venn